Etter krigen i Gaza der israelske angrepsstyrkar tok livet av 1400 palestinarar og systematisk raserte bygningar og infrastruktur, slo Goldstone-rapporten fast at Israel hadde gjort seg skuldig i brot på internasjonal lov. Eitt år etter angrepet gjennomfører Israel framleis blokade av Gaza, og hindrar effektivt gjenoppbyggingsarbeidet. Blokaden, og følgjene av den, representerer ei folkerettsstridig kollektiv avstraffing av den palestinske befolkninga.
Også på den okkuperte Vestbredden strammar Israel grepet overfor palestinarane. Ulovlege busetjingar blir stadig utvida. Muren Israel bygger, hemmar palestinsk produksjon, handel, utvikling og sosialt liv. Palestinarar blir utsette for utmattande, vilkårleg trakassering i israelske kontrollpostar. I Aust-Jerusalem har mange palestinarar blitt kasta ut av heimane sine, som så har blitt overtatt av israelske kolonistar. Palestinske aktivistar som protesterer, blir møtt med aukande trakassering og fengsling.
Målet om ein eigen palestinsk stat blir stadig fjernare som følgje av denne politikken. Kanskje er det nettopp det den israelske regjeringa ønskjer.
Etter meir enn 40 års okkupasjon, der Israel stadig går lenger i å annektere og utnytte okkupert område, er det på tide at verdssamfunnet tar klar avstand frå dette.
Årsmøtet i EL&IT Forbundet Distrikt Hordaland, Sogn og Fjordane 2010 vil ta til orde for sanksjonar overfor Israel inntil okkupasjonen av Vestbredden og Gaza opphøyrer.
- Vi krev at Pensjonsfondet trekker alle sine investeringar ut av israelske bedrifter og statsobligasjonar.
- Vi ber norske styresmakter arbeide for ein internasjonal våpenembargo mot Israel og sørge for at ingen norske våpen hamnar i Israel. Det må ikkje innleiast noko våpensamarbeid med Israel gjennom Nato eller JSF-prosjektet. (Joint Force Fighter – det gigantiske flykjøp som det nå forhandles om å kjøpe inn til forvaret)
- Vi oppmodar medlemmene om å boikotte israelske varer i butikkane.
- Vi utfordrar andre delar av fagrørsla til å gjere liknande vedtak.
Vedteke på årsmøtet i Bergen 10.2.2010